Stordalen

  • Fottur
  • Ski
  • Sykkel

Stordalen er eit godt utgangspunkt både for toppturar, og for kortare og litt mindre krevjande turar i Etnefjella. Landskapet er storslått, med dalformasjonar, høge fjell, vatn og elvar. Vegetasjonen er for det meste prega av lauskog, og området er kjend for å ha eit rikt dyre- og planteliv.

Frå Øyno, lengst inne på Frette, er det merkt sti til Haugesund turistforeining (HT) si hytte på Blomstølen. Frå Frette er det merkt sti til Hellaug, om lag 272 moh, og vidare til Feto og Haugesund turistforeining si hytte, Storvassbu. Om toppturarar freistar mest, kan du frå Feto fortsetja til Heimre Sauanuten, som ligg om lag 1178 moh.

Kyrping er utgangspunkt for turar til mellom anna Skredkollen, men det er også mogleg å gå til Blomstølen herifrå. Frå Håland kan du mellom annan gå turar til Hålandshovda og Håfjellet. Frå Kvammen når du fleire populære turmål, mellom anna Hellestølen, Løkjelsvatnet og Storvassbu.

English: Stordalen - scenic with deep valleys, majestic mountains, rivers and ponds. You can reach the tourist cabin (HT) at Blomstølen from Øyno, Frette. Frette is starting point for hiking destinations Hellaug, Storvassbu (tourist cabin) and Heimre Sauanuten. Håland is starting point for popular hiking destinations to Håfjellet and Hålandshovda, and Kyrping is starting point for hiking destination Skredkollen.



Turforslag

Blomstølen, Sandvass, Simlebu (HT) Start frå p-plassen lengst inne på Øyno, Frette. Følg merkt sti til Blomstølen (HT), og eventuelt vidare til Sandvass (HT) og Simlebu (HT). Løypa til Blomstølen, som delvis går langs ein traktorveg langs fjellsida, er godt merkt. Eit alternativ er å gå til Blomstølen frå Skredkollen. Dette er ein noko lengre tur, med meir stigning i byrgjnga.
Hellaug, Heimre Sauanuten, Storvassbu. Start ved brua over elva som kjem frå Hellaug. Dette er bru nr. 2 dersom du kjem frå Etne. Følg merkt sti opp langs venstre side av elva. Etter ei relavt bratt stigning, fortset du på merkt sti langs Hellaug-vatnet. Turen langs vatnet tek omlag 30 minutt i raskt tempo. For å koma til Heimre Sauanuten eller Storvassbu, fortset du lengst inne ved Hellaug-vatnet opp på venstre side av Feto-fossen. Frå Feto kan du gå vidare til Heimre Sauanuten eller Storvassbu.

Håfjellet og Hålandshovda. To populære toppturar du kan gå frå Håland.

Skredkollen. Flott utsyn ut over Stordalen og Åkrafjorden. Frå Skredkollen kan du fortsetja vidare til Blomstølen. Start turen ved bensinstasjonen på Kyrping.

Kvamsstølen, Hellestølen, Løkjelsvatnet, Storvassbu. Frå Kvammen.